Kommunecup Tua

Tysdag 12. februar blir det kommunecup i langrenn på Tua.
Stilart: Friteknikk, eller klassisk om du heller vil det.
17.15-17.30: Påmelding og «bli kjent med løypa»
18.00: Rennstart
Påmeldingsavgift: 50kr

Born 3-5 år går ei løype retta mot denne aldersgruppa.
Vi i skigruppa i Eid IL Ski håpar å sjå mange born og unge på dette løpet. Det er eit lågterskeltilbod for alle, og sjølvsagt då med premiar til alle🤩
Håpar vi ser deg!

Ny nettside for fellesanlegget.no

Dei gamle nettsidene til Fellesanlegget Tua har fått seg en knekk og det er derfor oppretta nye. I den forbindelse er styret i Fellesanlegget interessert i å samle inn bilder, gjerne med historier, frå Fellesanlegget Tua, Fladalen og Stigedalen.
 
Det er interessant med bilder av aktivitetar frå idrett og friluftsliv som fiske, jakt, trim og fjellturar, sommar og vinter. Har du flotte bilder av anlegget og aktiviteter set vi pris om du sender via Facebook eller på mail til runar.aaning.olsen@hotmail.com.
Fellesanlegget har fleire gode sponsorar som vil bli presantert på nettsidene fortløpande i forbindelse med utvikling dei nye sidene.