Skiløyper og løypestøtte

Løypepreparering på Tua

Fellesanlegget- Tua står for løypeprepareringa i lysløypa, leikeanlegget og turløypa til Movatnet. Når forholda på Movatnet tillater det, blir løypa forlenga med skuterspor til Rindalsstøylen.

Men: 

Denne løypeprepareringa kostar og difor må brukarane betale for seg.

Betalingssatsar

Er du eller familien din ein storbrukar av løypenett/parkering på Tua: Kr. 1000,-

Er du eller familien din ein flittig gjest: Kr. 600,-

Er du ein «småbrukar» eller ein som berre vil gi ei støtte til eit positivt og frivillig arbeid i bygda: Kr. 300,-

Dagsparkering og ski Tua: 75 Kr

Innbetaling til dette kontonummeret: 3905 25 63139

Vipps: #595712 Fellesanlegget Tua

Fellesanlegget- Tua er ein frvillig organisasjon som brukar eit 6-sifra beløp på løypepreparering og tilrettelegging for parkering kvart år. På grunn av kommuneøkonomien mistar vi i 2026 tilskuddet frå Stad Kommune og treng di støtte! Vi ventar at alle som nyttar løypene og parkeringsplassar betalar for seg.